Trekkje seg attende, snøstrimestilt
Ei stillfaren, sakral og djupt menneskeleg bok om livet, kjærleiken og det vi ber med oss.
I Trekkje seg attende, snøstrimestilt vender Per Helge Genberg tilbake til sauebonden og dei tre store kjærleikane: Gud, sauene og mannen. Denne gongen går han endå nærare inn i seg sjølv – i minne, tru, tvil og dei stille romma der vi gjer opp rekneskap med livet slik det faktisk vart.
Gjennom lyriske prosatekstar skriv Genberg fram eit liv i ettertanke: om trongen til å halde fast ved det gamle, om det gode som bryt seg fram, og om korleis vi formar vår eiga forteljing. Det er nakent, varmt og sakralt – ei bok som rører utan store fakter, men med ei rå formidlingskraft som sit lenge i kroppen.
Med terningkast 5 frå fleire hald og omtalt som både «vakker svanesong» og «tankevekkande og aldeles nydeleg», er dette ei bok for alle som finn ro i det stillfarne, det sanne og det levde.
Ei kraftfull og øm bok om å sjå seg sjølv i augo – og finne fred i det.